Ein lett og god oppskrift på Falafel og Tzatziki

Ynskjer du å prøva vegetarisk mat som smakar godt, er bra for deg og er bra for kloden? Då bør du prøva falafel. Falafel har opphavet sitt frå Midtausten og har vorte ete og likt lenge før pizza og pommes-frittes. Dei er kjøttbolle liknande kular eller postei som er laga hovudsakleg av ulike bønner og krydder. Falafel inneheld mange næringsstoff kroppen din treng for å fungera og har lite feitt. I Israel er det populær gatemat og no har det òg vorte populært i andre delar av verda. Det finst mange ulike måtar å nyte ein falafel på, men det mest vanlege er at dei vert servert i pitabrød med dressing og salat til. Her får du den beste oppskrifta mi på falafel:

Falafel (ca. 4 porsjonar)

1 løk

3 båtar kvitlauk

Ca. 3 ss olje til steiking

Ca. 500 g kokte kikertar (1 boks)

2 ts malt spisskummen

2 ts malt koriander

½ ts kajennepepar eller chilipulver

½ potte koriander eller persille (kan sløyfast)

2 egg

Framgangsmåte:

Finhakk lauken og kvitlauken
Ha olje i steikjepanna og steik lauken og kvitlauken på middels varme til han vert mjuk og blank.
Skylje kikertane godt og la dei renna av seg. Ta dei deretter i ein bolle saman med lauken.
Tilsett spisskummen, koriander og kajennepepar.
Mos det heile saman med eit potetmosejern.
Finhakk korianderen.
Bland korianderen inn i deigen saman med egga.
Elt alt godt saman. Smak til med salt og anna krydder viss det trengst.
Form 15-20 små ballar av deigen og klem dei litt flate.
Ha resten av olja i steikjepanna og steik falaflene til dei er gylne på middels varme. Dette tek ca. 3 minutt på kvar side
Server falaflene med pitabrød, tzatziki og anna tilbehøyr.

Tzatziki

1 rive slangeagurk

1 ts salt

1-2 båtar kvitlauk

3 dl gresk yoghurt

½ ts nykverna pepar

Framgangsmåte:

Dryss salt over slangeagurken og la det trekkje i 5-10 minutt og press deretter ut vatnet
Bland agurken saman med finhakka kvitlauk og yoghurt. Smak til med nykverna pepar.

Mat Fakta

Falafel smakar ikkje berre godt, men dei er òg bra for deg. Dette kan sjølvsagt variera på typar og kva for eit tilbehøyr du har til, men dei er fulle av næringsstoff som kroppen din treng. Desse er blant anna fiber, protein og folat. Fiber gjev deg energi og ein mettefølelse. Det er òg bra for fordøyinga og tannhelsa. Protein byggjer nye og reparerer gamle celler. Det gjev òg energi slik som fiber. Folat er viktig for at kroppen skal fungere som den skal og er spesielt bra for deg viss du er gravid, då dette er viktig for normal fosterutvikling.

Kikertane inneheld lite metta feitt og lite natrium. Difor er det lettare å halda seg innanfor anbefalingane til Helsedirektoratet om berre ein teskei (5 gram) med natrium til dagen. Dei fleste er allereie langt over denne grensa, så å kutta ned på det skader vanlegvis ikkje. Ved å kutta ned natrium inntaket, kuttar du òg ned risikoen på at fleire ulike sjukdomar utviklast. Viss du derimot har natriummangel, sjølv om det er svært sjeldan, er dette kanskje ikkje så positivt.

Falafel er ein vegetar rett. Det vil seie at det ikkje inneheld noko kjøt. Dette er ikkje berre bra for dei stakkars dyra, men òg for miljøet. Ein ny studie visar at matvareindustrien sitt utslepp vil auka med 80% fram til 2050- viss vi ikkje gjer noko med det. Vegetarisk kosthald kan vera med på å stoppe denne utviklinga. Kjøttindustrien er ansvarleg for ein betydeleg del av olje- og energibruken i verda. Faktisk er alle utsleppa frå landbruk og matvareproduksjon  omkring 25% av heile verda sitt utslepp.

For å produsere mat kravd det mykje energi. Alt frå drivstoff til traktorar og straum til ulike fabrikkar. Når beitene til dyra vert gjødsla vert det skapt ein nitrogenomsetning i jorda som igjen fører til utslepp av lystgass. Denne drivhusgassen er 298 gonger verre enn CO2 for miljøet. Så ved å velje å kutte ned eller kutte ut kjøt, sparar du både livet til dyra og det er bra for kloden.

Falafel er eit godt alternativ til eit vegetarisk måltid. Det er både bra for deg og for miljøet. Mange tenkjer at vegetarisk mat ikkje er bra for deg og at du trengjer kjøt for å få i deg nok næringsstoff. Dette er ikkje nødvendigvis sant.  Falafel, til dømes, er full av næringsstoff. Ved å velja vegetarisk er du med på å minske utslepp av dei øydeleggjande drivhusgassane og reddar verda litt. Viss alle greier å kutta ned på kjøt, sjølv om det berre er ein dag i veka, vil det utgjer ein stor skilnad. Så eg ser ingen grunn til ikkje å prøva falafel, når det både smakar godt, er bra for deg og er bra for miljøet. Håper du likte oppskrifta!

Kilder

22.01.19. 13:39: https://www.apotek1.no/graviditet/folat-ved-graviditet

23.01.19. 08:53: https://forskning.no/mat-og-helse-klima/2014/12/vegetarmat-er-bra-helsen-og-best-klimaet

23.01.19. 08:54:https://k2vitamin.no/faq/mineraler/hva-er-natrium/

23.01.19. 08:55: https://no.wikipedia.org/wiki/Falafel

23.01.19. 08:55: https://www.matstart.no/oppskrifter/middag/falafel-med-pitabrod/summary/

23.01.19. 08:56: https://www.fromthegrapevine.com/israeli-kitchen/what-is-falafel

23.01.19. 08:57: http://veg-veg.no/vegetar/hvorfor_vegetarianer


2 kommentarer Legg til din

  1. hei! Dette virker som en veldig spennende og smakfull oppskrift som jeg gjerne vil prøve selv. Du forklarer steg for steg og har med mange fine bilder. Innledningen din var veldig bra, og overskriftene var enkle og greie. Du skriver på en ordentlig måte slik at innlegget ikke blir rotete. Fin struktur på teksten og kjekt at du også har med litt fakta om maten. Noen av avsnittene blir kanskje litt lange og tunge og lese, men ellers veldig bra blogg. Godt jobbet!

    Likt av 1 person

  2. Veldig fint skrevet, teksten er ryddig og helt uten skrivefeil (som jeg så). Du starter med en liten innledning for å gjør leseren bevisst på hva den skal få lese. Oppskriften var ryddig satt opp, med underveisbilder. Du har med avslutning der du har med fakta om maten du nå har laget, noe som er greit å vite for leseren. Så alt i alt, veldig bra tekst men hvis jeg skulle ha pirket på noe, så måtte det vært at noen av avsnittene kanskje ble litt lange.
    – Rebekka

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s